top of page

Rong Brass held til i Øygarden kommune vest for Bergen. Korpset øver kvar tirsdag på Rong i Øygarden, frå 19.00-21.30.

 

Rong Brass satsar stort på skulekorpsmusikantane i kommunen og rekrutterer frå både Øygarden og kringliggande korps, og har heldigvis ingen øvre aldersgrense. ​

 

Rong Brass er eit korps som mellom anna liker å spele konkurransar, og hausten 2017 vann korpset kvalifiseringskonkurransen til 1. divisjon i NM.

 

I påfølgjande NM 2018 klarte korpset til og med å halde plassen i 1. divisjon!

 

I 2019 gjorde korpset sitt til då aller beste NM-resultat med ein solid tredjeplass, før ein i 2020 tok andreplass og sikra seg tilbod om opprykk til elitedivisjon.

Våren 2020 bestemde korpset seg for å takka ja til denne plassen. I 2023 spelte Rong Brass for fyrste gong i elitedivisjonen og klarte ein fin 7. plass. I 2024 vart det dessverre einvegs billett til 1. divisjon att.  â€‹

 

Kvart år reiser musikantane til Stavanger den første helga i november, for å spele Siddis Brass. På Siddis Brass 2023 gjekk Rong Brass av med sigeren i 1. divisjon! Dette var andre gong me har vunne denne divisjonen på få år, og me er sjølvsagt særs stolte av denne prestasjonen!

 

Korpset har og delteke på Whit Friday Marches i England ved fleire høve, og har og delteke ved Oslo Brass Festival fleire gonger.

 

Rong Brass har spelt inn utvalde stykker, og desse er tilgjengelege på ei strøymeteneste nær deg! Sjekk det ut!  

 

Rong Brass arrangerer fleire konsertar kvart år, mellom anna fast julekonsert i Blomvåg Kyrkje. Då spelar me stemningsfull julemusikk, ofte med fleire solistar og med organist. 

 

Treng du ei gruppe til å spele på eit arrangement?

Treng du musikk til oktoberfest eller lagsmøte?

 

Send gjerne ein uforpliktanda forespørsel via kontaktskjemaet under "Kontakt". Skriv gjerne litt om arrangementet, og kva musikk du ynskjer.

bottom of page